Voss legekontor søkjer sjukepleiar
Om stillingen
Har du lyst til å arbeide saman med oss ved Voss legekontor?
Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg. Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.
Me har ledig 60 % sjukepleiarvikariat frå 4/1-2027 til og med 10/3 2028. Ynskjer du høgare stilling får du moglegheit til å arbeide ved ein av våre flotte institusjonar.
Arbeidsoppgåver
•kundebehandling i ekspedisjon
•triagering av legetimar etter legevaktsindeks
•blodprøvetaking
•injeksjonar og infusjonar
•sårskift
•EKG, spiro- og audiometri
•andre prosedyrar og arbeidsoppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
•du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
•det er ynskjeleg med erfaring frå legekontor og erfaring med journalsystemet Webmed
Personlege eigenskapar
•imøtekommande og serviceinnstilt
•gode samarbeidsevner
•ansvarsbevisst
•like å arbeide i team
•fagleg dyktigheit
•evne til å koordinera og planleggja
Me tilbyr
•gode vilkår for fagleg utvikling
•eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
•gode forsikrings- og pernsjonsordningar
•løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Voss herad Voss legekontor.
Arbeidssted
Voss
