deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Barnehagelærar

Barnehagelærar

Barnepass60 %

Om stillingen

Vi søkjar etter barnehagelærar til 60% vikariat. Stillinga er for tiden i Vikedalen barnehage, og gjeld frå desember og ut barnehageåret 26/27.

Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.).

Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven.

Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside - https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/

Vi oppfordrar menn til å søkje.

Arbeidsoppgåver

Barnehagelæraren har, i lag med pedagogisk leiar, ansvar for å drive avdelinga i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar, rammeplan for barnehagar, årsplan samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift.

Barnehagelæraren må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn, og skal aktivt delta i den faglege utviklinga av barnehagen.

Kvalifikasjonar

Barnehage-/førskulelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk

Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som har relevant pedagogisk praksis kan bli vurderte til stillinga

Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato, jf. barnehagelova

Personlege eigenskapar

Du er ein person som er genuint interessert, og trivest i arbeidet med barn

Du er ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same

Du er ein person som er aktiv, undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne

Du er ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen, og likedan som kan vere med på å initiere utvikling i tråd med dei planar og føringar som den pedagogiske leiinga legg

Du er ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordninga

Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar

Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Gråurvegen 2

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5200666025

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 08.08.2027

Søknadsfrist: 08.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Sykkylven kommunale barnehagar, Sykkylven kommune.

Arbeidssted

Sykkylven

Publisert 28. oktober

Lignende jobber