deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Helsefagarbeidar 80 % og 90 % fast stilling

Helsefagarbeidar 80 % og 90 % fast stilling

Helse80–90 %Helg og fleksibel

Om jobben

Vil du vere med og gjere ein forskjell kvar dag?

Ved Herøy omsorgssenter får du bruke kompetansen din til å skape tryggleik, trivsel og gode dagar for pasientane våre. Vi søkjer no to engasjerte helsefagarbeidarar som ønskjer å vere ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på omsorg, samarbeid og kvalitet. Hos oss blir du ein viktig del av teamet på langtidsavdelinga. Saman arbeider vi for at pasientar skal få ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag. Vi legg vekt på fagleg utvikling og godt samarbeid

Vi har følgjande faste stillingar ledige:

80 % stilling i 3-delt turnus, med langvakter på 12,5 timar kvar 4. helg.

90 % stilling i 2-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Stillingane er for tida i langtidsavdelinga ved Herøy omsorgssenter.

Herøy omsorgssenter er lokalisert på Eggesbønes og består frå 30.11.26 av:

seksjon langtid: somatisk sjukeheimseksjon

seksjon blå: seksjon for personar med demens Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar, tidlegare raud og grøn seksjon. Vi skal sikre ei heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til pasientane våra, tverrfagleg samarbeid og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane. Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.

Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter. Stillingane er ledig frå 30. november 2026.

Arbeidsoppgåver

individtilpassa pleie - og omsorgsoppgåver til bebuar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering og miljøarbeid)

utarbeide og følgje opp tiltaksplanar

dokumentasjon etter gjeldande lovverk

samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp

bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

norsk autorisasjon som helsefagarbeidar

erfaring frå liknande arbeid er ein fordel

gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel

god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4).

Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden

Personlege eigenskapar

tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte

tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen

kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer

er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt

kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt

møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar

vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben

bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver

har fokus på heilskaplege pasientforløp Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

løn etter gjeldande tariffavtale

gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP

stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg

godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel

elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup

fagdag i turnus Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5A

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5209645935

Stillingsprosent: 90%

Fast

Startdato: 30.11.2026

Søknadsfrist: 30.11.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Herøy kommune, Herøy omsorgssenter, seksjon langtid.

Arbeidssted

Fosnavåg, Herøy (møre og Romsdal)

Publisert 15. november

Lignende jobber

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B · GurskøyHelsefagarbeidarHelse · 80 % · HelgFrist 14. desember
Kirurgisk avdeling Hamar, Sykehuset Innlandet HF · HamarFerievikarer Sommeren 2027Helse · 80 % · Helg og fleksibelFrist 15. januar