deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Kvam › Miljøterapeut

Miljøterapeut

Helse80 %Fleksibel

Om stillingen

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein meiningsfull jobb der du bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet for andre?

Me søkjer ein engasjert og trygg miljøterapeut til 80 % fast stilling i nyoppretta avdeling i rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese.

Avdelinga har ei arbeidstidsordning som inkluderer langvakter. Det er ønskjeleg at søkjar er positiv til langvakter, men deltaking i langvaktordninga er frivillig

Me tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim.

Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.

Som miljøterapeut vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.

Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø

Pleie knytt til personleg hygiene og stell

Skapa struktur i kvardagen

Planleggja og gjennomføra aktivitetar

Leggja til rette for meistring, sjølvstende og sosial deltaking

Observasjon og dokumentasjon

Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat

Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar

Har du arbeidserfaring/utdanning innan psykisk helsearbeid er det ei føremon

Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Digital kompetanse og erfaring med dokumentasjonssystem Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Trygg og tydeleg i rolla

Gode samarbeidsevner

Arbeider strukturert og ansvarsfullt

Empatisk og evne til å byggja gode relasjonar

Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte

Fleksibel og løysingsorientert

Me tilbyr

Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag

Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

Tverrfagleg samarbeid

Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem

Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)

Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Tove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898

Arbeidsstad

Rokabrekka 1

5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5204905708

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 18.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten.

Arbeidssted

Øystese, Kvam

Publisert 4. november

Lignende jobber

Øysteseheimen langtidsavdeling · ØysteseSjukepleiar/vernepleiarHelse · 80 % · Dag, kveld, helg og fleksibelFrist 8. november
Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester · NorheimsundMiljøterapeutHelse · 80 % · Kveld og helgFrist 8. november