deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Kvam › Sjukepleiar/vernepleiar

Sjukepleiar/vernepleiar

Helse80 %Dag, kveld, helg og fleksibel

Om stillingen

Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar

Øysteseheimen søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til 80% fast stilling

Ledig frå 1.januar 2027, oppstart etter avtale

Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og 3.kvar helg Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.

Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.

Arbeidsoppgåver

Oppgåver knytt til pasientoppfølging

Medisinske prosedyrar

Koordinering av pleieplanar

Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring

Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel

Fagutvikling

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar

Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja

Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd

God kommunikasjonsevner

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Du må kunne arbeida sjølvstendig

Gode samarbeidsevner Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter

Personlege eigenskapar

Interesse for fagfeltet geriatri og demensomsorg

Engasjert og positiv

Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg

Fleksibel og løysingsorientert

Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Me tilbyr

Ein arbeidstad i utvikling

Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø

Varierte arbeidsoppgåver

Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem

Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 974 84 612

Arbeidsstad

Skårdalsvegen 20

5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5192482449

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Øysteseheimen langtidsavdeling.

Arbeidssted

Øystese, Kvam

Publisert 21. oktober

Lignende jobber

Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester · NorheimsundMiljøterapeutHelse · 80 % · Kveld og helgFrist 8. november
Rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten · ØysteseMiljøterapeutHelse · 80 % · FleksibelFrist 18. november
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF · MoldeSjukepleiarHelse · 80 % · HelgFrist 18. november